torsdag 5. januar 2012

Julestorm

Vi var på Nordmøre i jula, og der var óg som kjent Dagmar. Telefon, internett og strøm forsvant. Tilogmed taket på eit hus lenger inn i stranda.


Anna og tante Gunnveig på tur for å sjå på alle tre som har fått seg "en veldig dytt"(sitat Eldbjørg, snart 3 år)


Lazy trudde vi stod trygt på land, men storm kombinert med springflo løfta båten, reiv i stykker forankringar og krybbe. Slik at den velta og vart fylt med vatn.


 Det var eit trist syn inni båten, der sjokolade, sovepose, sjøkart, madrasser, gps ++ låg og flaut. Vi fikk tømt og tørka opp, så håpar vi det gjekk bra med skroget. Vi såg ingen synlege skader som ikkje lar seg fikse, men det blir spanende å sjå korleis ho blir når vi får ho på vatnet igjen.

2 kommentarar:

  1. Ånei, Lazy!!! Dette var trist... Men den dråka der karrer seg vel til sjøs igjen, jeg har trua!

    Vi er spente på hjemkomsten og, har hørt den har herja fælt i området, men i følge nabo er det ikke så mye synlige skader hos oss.

    Håper ellers dere hadde ei god jul. Takk for julekort med bilde av nydelige Anna:)

    Julie

    SvarSlett
  2. Ja, her var det absolutt veldig dytt, og så er det tid for å angre på sjokoladen som ikkje vart spist i fjor.

    SvarSlett